Me har flytta netsida vår! Oppdater lenkjer o.l.

2010-05-07

Kom plutseleg på at det hadde vore lurt å segja frå her òg, i tilfelle folk ikkje har fengje med seg at me har flytta. So netsida vår er no på det kule nynorsk.no-domenet, her smib.nynorsk.no.

Elles hev me fengje ein plass å tinga klistremerke no:

Gratis klistremerke. Få i posten, del ut og bruk sjølv. » Uadressert bokmål? Nei takk! Nynorsk? Meir enn gjerne.


Me hev fengje klistremerke! – Uadressert bokmål? Nei takk!

2010-03-31

I dag fekk me levert dei nye klistremerka våre, me hev i overkant av 1000 stykk, so det er rikeleg til alle saman.

Me skal få til ein måte der folk kann tinga merke, men de må truleg betala frakten sjølv dersom de ikkje hentar dei direkte her. Merka er gratis, me vil helst sjå dei på so mange postkassar som mogleg!🙂


Planleggjingsmøte for skiping av Mållag i Austevoll

2010-02-19

På tysdag tok Odin, Helene og Ida som utsendingar for SmiB turen saman med Hordaland Mållag for å få laga eit interimstyre som kan jobba med å få i gang ei skiping av Austevoll Mållag (eller kva dei no veljer å kalla det!).

Det kom 6 damer som ikkje var «påmelde». Det var eit ganske godt utfall, hadde det kome fleire so hadde det vorte dårleg med plass. Diverre kom ingen av dei som _var_ påmelde, kommunestyremøtet heldt framleis på då me starta møtet og resten hadde vorte sjuke. Diverre.

Vel, utanom redaktøren i Marsteinen avis, som kom for å dekkja hendingi.

Møtet starta med at Einar Ådland frå Hordaland mållag heldt ein tale, og deretter fortalte eg (Odin) litt om Norsk Målungdom og SmiB. Etter det gjekk ordskiftet fritt, med litt starthjelp her og der. Redaktøren viste seg å vera ganske interessert i målspørsmål, og tok m.a. opp nynorsk læringsmateriell for vaksne innvandrarar. Eg sa det skulle eg sjå meir på, og same dag fann eg ut at nynorsk læringsmateriell finst og er i bruk i Førde. Dette kan truleg det (vonleg) nye mållaget hjelpa til med å få inn i eigen kommune.

Etter møtet laga Marsteinen avis ei sak frå planleggjing-av-skipingsmøte-møtet, dei har inga god netavis (umogleg å finna permalenkje til saker) so eg legg ved bilete. Det står sikkert meir i papiravisa, men den har eg ikkje fengje tak i.Eg fekk ho tilsendt, sjå nedst.

Snart mållag Det var ikkje stinn brakke då Hordaland mållag inviterte austevollingane til møte for å skipa lokallag av Hordaland mållag. Engasjementet var dersto større.

Dei frammøtte reagerte litt på den negative grunnen til kvifor det var viktugt å skipa mållag i Austevoll. SmiB-utsendingane sa oss heilt einige. Hordaland mållag er prega av problemene i nokre kommuner med eit drøss Bergensinnflyttarar som ikkje forstår ungane sitt eige beste, og krev bokmål hist og pist.

Austevoll har ingen problem med innflyttarar frå Bergen som krev bokmål, so laget vil truleg likna mykje meir på Voss mållag, som kan rosa den eine verksemda etter den andre for god nynorskbruk. Sjølv om me andre må kjempa for rettane våre her ute, so er det jo mykje kjekkare å sleppa. Å jobba positivt og støttande er ei kjekk oppgåve for eit mållag, og eg trur kanhenda Austevollingane ynskjer å jobba på den måten.

Me fekk tri kvinner til interimstyret. All lukka til Austevoll; vonar dei klarar å få eit par til styret og få satt ein dato til eit skipingsmøte.

Oppdatert: Eg fekk tilsendt avisa frå redaktør Trond Hagenes (trykk for stort bilete).


Nytt styre

2010-02-06

Me hadde årsmøte torsdag 28. februar, og fekk valt eit nytt styre:

  • Odin Hørthe Omdal, leiar
  • Martin Årseth, nestleiar
  • Ida Haugum, skrivar
  • Lisa Ovesen, økonomiandsvarleg
  • Diederik Masure, stylelem
  • Helene Urdland Karlsen, styrelem

Dette semesteret skal me gira opp aktiviteten eit lite hakk, so me ynskjer so mange aktive som mogleg.

Me les epost, so det er berre å senda ein epost vår veg dersom du skulle lura på noko.


Årsmøte

2010-01-19

SmiB skipar til årsmøte torsdag 28. januar klokka 18.00! Møtestad er portalen til Sydneshaugen skule, som ligg rett bak Johanneskyrkja. Illustrasjon:


(Berre å gå etter Ivar Aasen, så finn de fram!)


Ei førebels saksliste

1. Godkjenning av innkalling og dagsorden. Val av ordstyrar.

2. Årsmelding og arbeidsprogram
Aktiviteten i laget i 2009, og det me vil gjera i 2010.

3. Økonomi

4. Val av nytt styre

5. Landsmøtet til Norsk Målungdom 19.-21. mars
– Vil du vera utsending?

6. Anna


Nynorskbar!

2009-10-04

Bergen Mållag inviterer alle interesserte til idèdugnad, nynorskbaren 6.oktober!

— Kva trengst for å fremje nynorsk og målsak? —

Vi har alle mange tankar om kva som er lurt, når det gjeld dette.

Kom til Logen bar tysdag 6.oktober kl.19.30!
Ta med kjentfolk, og ver med i diskusjonen!


Vend vinden!

2009-09-18

Helga 23. – 25. oktober er det “Vend Vinden”-konferanse i Valdres.

Litt om kva som skjer, henta frå nettstaden til konferansen:

Om du slit med å vinne debattar om nynorsk og sidemål kan du kome på argumentasjonskurset. Og om du då får ein trong til å skrive argumenta ned, men ikkje veit korleis du skal gjere det, eller kva du skal gjere med teksta, kan du kome på mediatreningskurset. Møt folk frå heile Noreg som har dei same utfordringane og utveksle idèar og erfaringar. Vi vil halde eit ope nynorsk sjølvtillitskurs, der alle er velkomne til å deltake. Elles vert det mellom anna lobbyverksemdskurs, innleiing om organisasjonsbygging, næringslivpaneldebatt og filmvisning!

SmiB har truleg høve til å dekkja reise for dei som vil ta turen.


Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.